Takk for meg

Det har vore ei god tid. Ei tid for mykje ettertanke, andre tider for mykje fjas. Det har vore ei tre år lang berg- og dalbane av kjensler, ein stri straum av ord til tider, tause tomrom andre gonger.

No vert det heilt stille. Tida er komen for å lata att dørene og la livet segla vidare utan denne sida.

Takk for at du var her.
Takk for alle kommentarar, både for krasse, friske, reflekterte, oppmuntrande, trufaste, tullete og gode kommentarar.
Takk for at du har lest.
Og takk for meg.

Velkommen hit

No har du snubla inn i dagboka mi. På nett kallar eg meg berre Kvitveis, slik at eg kan skriva om alt eg ikkje ville våga om du visste kven eg var. Om du ruslar rundt i ein blaut vestlandsby kan det henda du tuslar forbi meg, ei heilt vanleg jente som kom til verda tidleg på åttitalet.

Meir...

hits